Ferskfolk – for deg som er heilt blank


Ferskfolk er eit introduksjonskurs for deg som er heilt blank i folkemusikk!

Har du ikkje hange heilt med i dei siste oppdateringane innanfor folkemusikk og folkedans? Kanskje du aldri har høyrt på folkemusikk eller sett eit hattespark på nært hald? Ferskfolk er eit kurs for deg som ynskjer litt kunnskap og innside-informasjon om musikken, dansen og miljøet. Folkemusikar, folkedansar og heiltidsentusiast Vegar Vårdal vil ta deg med inn i folkemusikkverda. Vegar Vårdal (f. 1975) – med base i Vågå i Gudbrandsdalen – er ein allsidig artist og pedagog, både som folkemusikar og folkedansar. Han har skrive tingingsverket «Ikkje ver blyg – kyss meg!», som vart framført på landskappleiken i Vågå i 2019. Ukvessa slåtter, som kom ut på Ta:lik i 2017, er Vegars fyrste soloplate, men han har vore med på eit drøss av andre plater oppigjennom åra.

Når Vegar no tek turen over Valdresflye til Hilme, blir det med eit energisk og leikande smil, både til dans, i føredrag og som programleiar. Velkomen, Vegar!

Smittevernomsyn:

  • Førehandspåmelding
  • Maks 10 deltakarar

Tidspunkt:

  • Laurdag 17. juli, kl. 16.00–18.00

Instruktør: Vegar Vårdal

Ferskfolk
Start: Laurdag 17. juli kl. 16.00
Slutt: Laurdag 17. juli kl. 18.00
Stad: Festsalen, Valdres folkemuseum
Pris: Gratis!