Lære noko nytt?


Jørn Hilme-stemnet har ei rikhaldig kurspakke i spel og dans. Bli med?

På Jørn Hilme-stemnet møtest publikum og artistar på tvers av generasjonar. Difor legg vi til rette for gode rekrutteringstiltak også for vaksne, til dømes gjennom fleire kurs i både spel og dans. Kursa er rundt om i dei gamle husa på Valdres Folkemuseum.

Velkommen til å lære noko nytt!

 

Kurs i lokking


Lokken står i nært samband med stølskulturen. Det er her han høyrer heime.

Foto: Privat

Dyr likar musikk og tonar, at dei blir snakka til. Om dyra reagerer på vakker song, er ikkje alltid enkelt å meine noko om, mest har det vel å gjera med attkjenning, uavhengig av dei kunstnariske kvalitetane. Formålet med lokken er å kommunisere over lange avstandar, og mellom menneske og dyr. Uansett er den avgjerande funksjonen til lokken at dyra forstår kva du vil.

Karin Lindström Kolterud er tradisjonsberar etter bestemor Anne Rundberg frå Etnedal i Valdres, og ho har spesialisert seg på nettopp lokken. Karin er fødd i Sverige og bur og arbeider der. I år kjem ho for å lære bortgløymde lokketonar. Du treng inga stor songstemme for å lokke, fortel Karin. Alle brukar den stemma dei har, om ho er slik eller slik. For å finne krafta i stemma er det viktig med god oppvarming, men og kreativ stemmeleik. Velkomen på lokkekurs!

Instruktør:
Karin Kolterud

KJØP BILLETT »

Kurs
Start: Tysdag 12. juli kl. 10.30
Slutt: Tysdag 12. juli kl. 16.30
Stad: Tvengestølen, Valdres Folkemuseum, Fagernes
Pris: 350 kr

Ministrunken


Er du for liten for Strunkeveko? Fortvil ikkje, Ministrunken ventar på deg!

Foto: Ingvil Skeie Ljones

Valdres Folkemuseum på Fagernes er den idylliske arenaen for todagarskurset Ministrunken for barn i alderen 6–11 år. Du må melde deg på Ministrunken og alle kurs brukar å bli fylt opp.

Under Jørn Hilme-stemnet står song, dans, hardingfele, fele, langeleik og toradar på planen. Medan dei vaksne kan oppleva museet, gå på kurs på Jørn Hilme-stemnet eller utforske Valdres på eiga hand, er dei trivelege stovene på museet kursarena for Ministrunken. I tillegg til læring er det fleire fellesøkter med leik og moro utandørs på museumsområdet.

Torsdag får ministrunkane sjølve halde konsert. Her får dei høve til å vise fram kva dei har lært på kurset – ein verkeleg publikumsvinnar! 

Å vera med på Ministrunken kostar 800 kr, og inkluderer mat, instruksjon og konsertar. For påmelding, sjekk Strunkeveko sine nettsider her!

Ikkje gamal nok til Ministrunken? Fortvil ikkje! Er du mellom 3 og 5 år og har ein vaksen som kan følge deg, då kan du bli med på Mikrostrunken! 

Kursdagar:
Onsdag 13. juli kl. 10.00–15.00
Torsdag 14. juli kl. 10.00–15.00

Kurs
Start: Onsdag 13. juli kl. 10.00
Slutt: Torsdag 14. juli kl. 15.00
Stad: Valdres Folkemuseum, Fagernes

Mikrostrunken


Ikkje gamal nok til Ministrunken? Fortvil ikkje! Mikrostrunken er eit todagarskurs for dei minste!

Foto: Ingvil Skeie Ljones

Onsdag 13. juli og torsdag 14. juli frå kl. 11.30 til 13.00 står folkemusikalsk leik, dans, song og moro på timeplanen for ungar i alderen 3 til 5 år. Dyktige instruktørar gjev ungane eit flott møte med folkemusikken og folkedansen.

Mikrostrunken er gratis og du treng ikkje melde deg på, men ungane må ha med vaksenfølgje. 

Instruktørar er: Bente Ingholm Hemsing og Jan Beitohaugen Granli.

Valdres Folkemuseum er arena for Mikrostrunken. Oppmøte er på festplassen ved Slidrehuset på museet.

Kursdagar:
Onsdag 13. juli kl. 11.30–13.00
Torsdag 14. juli kl. 11.30–13.00

Kurs
Start: Onsdag 13. juli kl. 11.30
Slutt: Torsdag 14. juli kl. 13.00
Stad: Valdres Folkemuseum, Fagernes
Pris: Gratis!

Kurs i valdresspringar for vidarekomne


For alle som har dansa springar før og som meistrar takt og grunnsteg i valdresspringaren.

Foto: Ingvil Skeie Ljones

Her får du påfyll og inspirasjon til å lære valdresspringaren endå betre, med vekt på detaljar, heilskap, musikalitet og generell danseteknikk.

Tidspunkt:

  • Onsdag 13. juli, kl. 15.30–17.00
  • Torsdag 14. juli, kl. 14.00–17.00
  • Fredag 15. juli, kl. 11.00–14.00

Instruktørar:
Knut Arne Jacobsen og Anne Kjellfrid Nøbben

Spelekvinne:
Mari Ormberg

KJØP BILLETT »

Kurs
Start: Onsdag 13. juli kl. 15.30
Slutt: Fredag 15. juli kl. 14.00
Stad: Valdres Folkemuseum, Fagernes
Pris: 500 kr

Kurs i folkesong


Folkesongen har vandra i tusenvis av år, kryssa hav og landegrenser, snirkla seg ned i dalar og fjordarmar.

Foto: Anne-Marte Før

Songar med særeigne historier, skeive tonar og krullingar har overlevd i stemmebanda til dei som syng, generasjon etter generasjon. På kurset vil du få betre kjennskap til den tradisjonelle songstilen og kan sjølv bli ein del av den lange lekkja som ber songen vidare! Velkomen på kurs!

Tidspunkt:

  • Torsdag 14. juli, kl. 14.00–17.00
  • Fredag 15. juli, kl. 11.00–14.00

Instruktør:
Kari Hagaseth

KJØP BILLETT »

Kurs
Start: Torsdag 14. juli kl. 14.00
Slutt: Fredag 15. juli kl. 14.00
Stad: Valdres Folkemuseum, Fagernes
Pris: 350 kr

Kurs i langeleikspel


Langeleik + Valdres = sant! I Valdres finn vi ein ubroten langeleiktradisjon som går fleire hundreår tilbake.

Foto: Anne-Marte Før

Medan langeleiken tidlegare vart rekna som eit kvinne-instrument, ser vi i dag at han blir teken i bruk i stadig nye samanhengar, av musikarar frå ulike sjangrar som utfordrar både teknikk og spelestil. Jørn Hilme-stemnet er stolt over å løfte fram langeleiken til ein plass i sola, saman med deg! Kurset passar for alle som spelar eller har spelt langeleik og ynskjer påfyll og inspirasjon til å halde fram.          

Tidspunkt:

  • Torsdag 14. juli, kl. 14.00–17.00
  • Fredag 15. juli, kl. 11.00–14.00

Instruktør:
Ingebjørg Hegge Bratrud

KJØP BILLETT »

Kurs
Start: Torsdag 14. juli kl. 14.00
Slutt: Fredag 15. juli kl. 14.00
Stad: Valdres Folkemuseum, Fagernes
Pris: 350 kr

Kurs i valdresspringar for nybyrjarar


Valdresspringaren er kjend som ein frisk og kraftfull dans. Noko for deg?

Foto: Anne-Marte Før

Eit kurs vil gje deg grunnlaget for det aller viktigaste; nemleg å danse på fest! Kurset er for alle som vil lære dei grunnleggande elementa i valdresspringaren. Du melder deg enkelt på via billettknappen på denne sida.

Tidspunkt:

  • Torsdag 14. juli, kl. 14.00–17.00
  • Fredag 15. juli, kl. 11.00–14.00

Instruktørar:
Ole Aastad Bråten og Anne-Marit Røn

Spelemann:
Jan Beitohaugen Granli

KJØP BILLETT »

Kurs
Start: Torsdag 14. juli kl. 14.00
Slutt: Fredag 15. juli kl. 14.00
Stad: Valdres Folkemuseum, Fagernes
Pris: 350 kr

Kurs i munnharpe


Munnharpa har slektningar i heile verda. Interessert i å lære?

Foto: Anne-Marte Før

Kenneth Lien er ein av dei fremste, yngre munnharpespelarane i dag. Han kjem til Jørn Hilme-stemnet for å lære bort spel og teknikk. Kanskje du blir bitt av basillen? Munnharpa, dette vesle instrumentet som du enkelt kan ta med deg på fest, har blitt svært så populært dei siste åra. Under festivalen blir det også mogleg å lytte til dei fremste utøvarane, både på konsert og til dans.  

Tidspunkt:

  • Torsdag 14. juli, kl. 14.00–17.00
  • Fredag 15. juli, kl. 11.00–14.00

Instruktør:
Kenneth Lien

KJØP BILLETT »

Kurs
Start: Torsdag 14. juli kl. 14.00
Slutt: Fredag 15. juli kl. 14.00
Stad: Valdres Folkemuseum, Fagernes
Pris: 350 kr

Kurs i hardingfele


Hardingfela blir rekna som det fremste folkemusikkinstrumentet i landet i dag. No har du sjansen til å lære spel frå Valdres.

Foto: Anne-Marte Før

Valdres har ein lang og ubroten tradisjon for spel på hardingfele. I dag lærar dei fleste unge å spele i kulturskulen, eller dei går på kurs i spel- og dansarlaga. Mange får ein smakebit også på Jørn Hilme-stemnet. Magne Olav Selland kjem frå Voss, men bur til dagleg i Valdres. Han blir rekna som ein av dei fremste utøvarane på hardingfele i dag. Vi er glade for å tilby kurs med Magne Olav dette året. Velkommen på kurs!

Tidspunkt:

  • Torsdag 14. juli, kl. 14.00–17.00
  • Fredag 15. juli, kl. 11.00–14.00

Instruktør:
Magne Olav Selland

KJØP BILLETT »

Kurs
Start: Torsdag 14. juli kl. 14.00
Slutt: Fredag 15. juli kl. 14.00
Stad: Valdres Folkemuseum, Fagernes
Pris: 350 kr

Kurs i toradar


No har du sjansen til å friske opp att gamaldanslåttane. Bli med!

Foto: Knut Aastad Bråten

Å spele toradar har lange tradisjonar i Valdres. Då toradaren kom, kom også den nye musikken; vals og reinlender, masurka og polka. I dag veks og interessa for eldre slåttar på toradaren. Interessa for instrumentet held seg stabilt i kulturskulen, sjølv om dansen på lokalet har meir og mindre forsvunne. Skal vi gjere noko med det? No har du sjansen til å lære deg å spele sjølv. Vegard Thon frå Etnedal er ein eminent spelemann. Han kjem til Jørn Hilme-stemnet med kunnskap - og mykje speleglede. Velkommen på kurs!      

Tidspunkt:

  • Torsdag 14. juli, kl. 14.00–17.00
  • Fredag 15. juli, kl. 11.00–14.00

Instruktør:
Vegard Thon

KJØP BILLETT »

Kurs
Start: Torsdag 14. juli kl. 14.00
Slutt: Fredag 15. juli kl. 14.00
Stad: Valdres Folkemuseum, Fagernes
Pris: 350 kr

Gamaldans på 1-2-3


No har du sjansen til å pusse støvet av danseskoa. Velkommen til lynkurs i gamaldans! 

Foto: Ingvil Skeie Ljones

Dansen på lokalet er katalysator for det meste. Sansane, til dømes. Eimen av kaffi og kringle, røykelukt og etterbarberingsvatn, tonar frå eit trekkspel og praten frå dei som er til stades. Var det i ein stille vals han kjende pulsslaga frå eit anna menneske som ville noko meir? Velkommen på gamaldanskurs!

Tidspunkt:

  • Laurdag 15. juli, kl. 13.00–14.00

Instruktørar:
Ivar Hemsing og Anne-Marit Røn

Spelekvinne:
Engebret Ringen

KJØP BILLETT »

Kurs
Start: Laurdag 16. juli kl. 13.00
Slutt: Fredag 15. juli kl. 14.00
Stad: Trykkeriet, Fagernes
Pris: 200 kr