Seminar: «Hilme 6.0 – Tradisjon og modernitet»


Kva slags straumar påverker ein tradisjon? Og kva element av ein tradisjon blir fokusert, brukt eller oversett til ulike tider sett i lys av ein festival eller speltradisjon? 

Innleiing og samtale ved Ånon Egeland, Audun Stokke Hole, Ole Aastad Bråten og Ingar Ranheim. Festsalen / Valdres Folkemuseum

Ånon Egeland er ein leiken tradisjonalist på hardingfele og munnharpe med abnorm kunnskap om spel på gamlemåten. Han er også førsteamaniensus ved Universitetet i Sørøst Norge.

Audun Stokke Hole er musikar, DJ og redaktør for magasinet Folkemusikk. 

Ingar Ranheim er ein nasjonal kapasitet innanfor danse- og tradisjonsformidlinga, og blir av mange halde fram som stordansar både i springar og halling. 

Ole Aastad Bråten er dansar, langeleikspelar og direktør ved Valdresmusea.

Kurs, seminar, utstilling
Start: Torsdag 9. juli kl. 12.00
Slutt: Torsdag 9. juli kl. 14.00
Stad: Festsalen, Valdres folkemuseum
Pris: Gratis