I 2022 blir Skeivt kulturår markert, og i det høvet ynskjer Jørn Hilme-stemnet å tematisere kjønnsrollene i den norske folkedansen.
Eit klisjéfullt bilete av folkedansen lever framleis, men mykje har skjedd i løpet av dei siste 20 åra: Kjønnsrollene i dansen er utfordra, ikkje minst av unge utøvarar som let seg påverke og inspirere av kjønnsroller i andre miljø. Dette ynskjer vi å snakke meir om. Velkomen til samtale om dans og kjønnsrollene i dansen. Samtalen er eit fast tiltak i samarbeid med USN Rauland og Valdres Folkemuseum.
Medverkande:
Tommy Olsson
Ellen Krageberg
Silje Risdal Liahagen