Langeleik + Valdres = sant! I Valdres finn vi ein ubroten langeleiktradisjon som går fleire hundreår tilbake.
Foto: Anne-Marte Før
Medan langeleiken tidlegare vart rekna som eit kvinne-instrument, ser vi i dag at han blir teken i bruk i stadig nye samanhengar, av musikarar frå ulike sjangrar som utfordrar både teknikk og spelestil. Jørn Hilme-stemnet er stolt over å løfte fram langeleiken til ein plass i sola, saman med deg! Kurset passar for alle som spelar eller har spelt langeleik og ynskjer påfyll og inspirasjon til å halde fram.
Tidspunkt:
- Torsdag 14. juli, kl. 14.00–17.00
- Fredag 15. juli, kl. 11.00–14.00
Instruktør:
Ingebjørg Hegge Bratrud