Festivalutstilling – «Folk på HILME»


Eva Karlsson sine foto viser moderne menneske gjennom alderdomleg teknikk og på alderdomleg materiale. Dette gjev eit perspektiv på notid og fortid, slik også festivalen er ein moderne festival med utgangspunkt i gamle tradisjonar, og der tradisjonar brytast opp mot straumar i notida. Med våtplate-teknikken hentar vi opp att tidskoloritten frå Jørn Hilme si tid. 

«Folk på HILME» er ei samling portrett av festivalpublikummarar, festivalartistar, spelemenn, dansarar, gamle, unge, lokale heltar, tilreisande. Portretta blei tatt under Jørn Hilme-stemnet i 2019.

Mennesket si sjel – om våtplateteknikken

Kollodium våtplate er ein fotografisk teknikk som opprinnelig vart brukt i perioden 1851–1880. Ei glass- eller metallplate blir sett inn med kjemikaliar og dyppa i sølvbad. Plata må så eksponerast og fremkallast innan 10–15 minutt medan kjemikaliane framleis er våte. Fotografen må altså preparere og framkalle plata der bildet blir fotografert, og må ha med seg kjemiske preparater og mørkeromstelt ut i felten. I gamle dagar var det ikkje uvanleg at fotografen hadde 25 hestar for å frakte alt utstyr under ein ekspedisjon! 

Denne gamle teknikken gjev lang ekponeringstid. Den som skal portretterast må difor sitje stille ganske lenge, ofte i 5–20 sekunder. Den naturlege konsekvensen er at menneska blir svært alvorlege, rolege og seriøse og på bileta. Dette gjev kanskje eit meir sannferdig bilete av personen enn eit moderne foto teke med 1/1000 sekunds eksponeringstid der ansiktsuttrykket i større grad er ei fasade. Ein seier ofte at ein fangar mennesket si sjel med våtplateteknikken. Metoden med å helle kjemikalier på plata for hand i kvart produksjonssteg skaper også ofte artefakter som gjer at bileta får eit tydelegare preg av handverk. 

Grafikar og fotograf Eva Karlsson, er busett i Stockholm og har spesialisert seg på våtplateteknikken som ho har lært av John Coffer i USA. Ho jobbar også digitalt, men føretrekk den gamle teknikken, grunna handverksaspektet, og fordi ein får så sterke portrett av menneske på denne måten. Det er truleg under 30 personar som brukar våtplateteknikken aktivt i Norden idag. 

Kurs, seminar, utstilling
Start: Sundag 5. juli kl. 12.00
Slutt: Laurdag 11. juli kl. 16.00
Stad: Galleri Perrongen, Fagernes
Pris: Gratis