Ferskfolk


Ferskfolk er eit introduksjonskurs for deg som er heilt blank på folkemusikk!

Har du ikkje hengt heilt med i dei siste oppdateringane innanfor folkemusikk og folkedans? Kanskje du aldri har høyrt på folkemusikk, eller sett eit hattespark på nært hald? Ferskfolk er eit kurs for deg som ynsker litt kunnskap og innside-informasjon om musikken, dansen og miljøet. Folkemusikar, folkedansar og heiltidsentusiast Vegar Vårdal vil ta deg med inn i folkemusikkverda, og når du er ferdig med desse to timane så har du heilt klart nokre triks på lager til neste nattsprell eller månadens quiz-runde på pøbben.

Oppmøte ved festivalkontoret!

Kurset gir også inngang på museet laurdag kveld. 

Tidspunkt:
Laurdag 11. juli kl. 16.00–18.00

Instruktør: Vegar Vårdal

KJØP BILLETT »

Kurs, seminar, utstilling
Start: Laurdag 11. juli kl. 16.00
Slutt: Laurdag 11. juli kl. 18.00
Stad: Valdres folkemuseum
Pris: 300 kr. Gir også inngang på museet laurdag kveld.