Dansekonfekt frå arkivet


med Jørgen Trøen og Stian Roland

Jørn Hilme-stemnet er kjent som den store og intime dansefestivalen. Her kan du lære meir om dans!

Jørgen Trøen i samtale med Stian Roland. 

Stian Roland er ein dansar med eit stort spekter av stilartar og tradisjonar. Han har vore ein viktig skikkelse for å bygge opp både halling og pardansmiljø i Valdres, og har vunne landskappleiken i dans hardingfele klasse A fleire gonger. Stian er instituttleiar ved Universitetet i Sørøst-Norge avd Rauland. 

Deltakarane på dansekursa under HILME vil delta på arrangementet, men Dansekonfekt frå arkivet er også ope for andre interesserte tilhøyrarar.

Kurs, seminar, utstilling
Start: Torsdag 9. juli kl. 16.30
Stad: Festsalen, Valdres folkemuseum
Pris: Gratis