Våtplateteknikk, også kalla kollodium, gjev eit alderdomleg og ærleg portrett av menneske.
Foto: Eva Karlsson
Ved å fotografere dagens festivalgjengarar og tradisjonsberarar med denne teknikken set vi dei inn i den store samanhengen og viskar ut tidsskilja.
Veldig få held denne teknikken i hevd; Eva Karlsson frå Sverige er ei av få i Norden. I tillegg er ho aktiv tradisjonsmusikar sjølv og tilknytt Jørn Hilme-stemnet gjennom fleire år som grafikar for festivalen. I 2019 tok Karlsson med seg det mobile mørkerommet sitt og fotograferte ei rekkje utøvarar og festivaldeltakarar på Jørn Hilme-stemnet. Tekstforfattar Alice Gudheim har skrive poetiske tekstar kring temaet tid og tradisjon, lys og mørke.
Medverkande:
Eva Karlsson, foto og design
Alice Gudheim, tekst