Andfares


Musikken og kunsten er som syskenborn, dei formidlar båe verda omkring, ser, og tolkar det som kjem dei forbi.

Foto: Anne-Marte Før

Lydverket Andfares frå 2019, skapt av Anne-Marte Før, er ei digital omforming av einskildlydar henta frå tradisjonelt munnharpespel. Dei pulsliknande lydane går i loop.

Anne-Marte Før er kunstnar frå Kunstakademiet i Oslo og arbeidar mykje med mellom anna lyd. Anne-Marte sin kunstnarlege praksis tek ofte form i møte med eit kulturhistorisk fenomen, gjerne ein gjenstand eller ein stad – eller lyd – der målet er å etablere eit tankerom mellom gjenstanden, lyden eller kva det måtte vere – og han og ho som ser/høyrer. Før interesserer seg for tida og staden, kulturhistoria og tradisjonane, det lokale og det rurale, men òg spørsmål om hierarki og definisjonsmakt. Før ser på det lokale fyrst og fremst som ei haldning, som noko flytande, i konstant rørsle. Like fullt er det staden og stadane som materialiserer livet, som bitt menneska til livet. Difor er det lokale også ein føresetnad for – og det som mogleggjer – ei global førestellingsevne, evna til å ta innover seg at jorda er heilskapleg. Førs tenking står slik i opposisjon mot sentrum som periferiens dikotomi.

Medverkande:
Anne-Marte Før

Kurs, seminar, utstilling
Start: Sundag 10. juli kl. 11.00
Slutt: Sundag 17. juli kl. 18.00
Stad: Valdres Folkemuseum, Fagernes
Pris: Gratis! Møt opp!