Vandring på Kongevegen


Vandring på Kongevegen med Dagfinn Hegg-Lunde. Turen går frå St. Tomaskyrkja til Maristuen på Filefjell, med buss tilbake.

Foto: Sverre Hjørnevik

Kongevegen mellom Lærdal i Sogn og Vang i Valdres er kåra til Noregs vakraste rute. Kongevegen stod ferdig i 1793 som den fyrste køyrevegen mellom Austlandet og Vestlandet og går gjennom urørt natur og storslått kulturlandskap. Vegen er nyrestaurert og er verd eit besøk.

Turen startar kl. 11.00 frå St. Tomaskyrkja og går til Maristuen, med buss tilbake til St. Tomaskyrkja. Middels krevjande tur på 11 km. Turvert for dagen er Dagfinn Hegg-Lunde frå Borgund. Han er eit levande leksikon med kunnskap om både natur, kultur og historie.

Etter turen er det servering av mat frå Fagernes Landhandel på St. Tomaskyrkja. Seinare på kvelden er det konsert. Du kan kjøpe billett til dei enkelte arrangementa, eller ein felles pakkepris. Sjå elles ticketco. 

  • Vandring (inkludert buss): 400 kr
  • Mat: 250 kr
  • Konsert: 250 kr
  • Vandring, mat og konsert: 800 kr

Medverkande:
Dagfinn Hegg-Lunde, turvert

KJØP BILLETT »

Konsertar
Start: Sundag 10. juli kl. 11.00
Slutt: Sundag 10. juli kl. 16.00
Stad: Filefjell
Pris: 400 kr