Utstilling: Skakke folkedrakter


Tradisjonsrike plagg og tilbehøyr kan skape sterke kjensler av tilhøyrsle, men også av utanforskap. Kva kjensler vekker dei i deg?

Kulturar over heile verda har i tusenvis av år brukt tekstilar, mønstre og fargar for å fortelje noko om kven dei er og kvar dei kjem frå. Plagg, tilbehøyr og reiskap kan vere kjelder til djupe røter om tilhøyr, identitet og skikkar, men dei kan òg brukast for å uttrykke politiske protestar og ideologiske tankar.​

I utstillinga «Skakke folkedrakter» har seks samtidskunstnarar undersøkt ulike kulturar og tradisjonshandverk. Dei har vore i dialog med handverkarar og kunnskapsberarar, og skapt sine eigne tolkingar gjennom fotografi, vev, keramikk, støymusikk og dans.

Valdres Folkemuseum er den første av i alt åtte visningsstader for utstillinga, som dei kommande to åra skal reise på kryss og tvers av Noreg og Sápmi.

Kunstnarar i prosjektet er Harald Beharie, Lin Wang, Christian Blandhoel, Rafiki, Márjá Karlsen og Håvard Kranstad.

Ustillinga er ope gjennom heile festivalveka. For meir informasjon, sjå her!

Prosjektet er initiert av Nasjonalmuseet.

Konsertar
Start: Sundag 9. juli kl. 11.00
Slutt: Sundag 16. juli kl. 16.00
Stad: Valdres Folkemuseum/Fagernes