Utdeling av Torleiv Bolstads Minnestipend


Før konserten med Karl Seglem er det utdeling av Torleiv Bolstads Minnestipend, som går til ein ung utøvar på hardingfele.

Foto: Ukjent

Kjellaug Bolstad, enka etter spelemannen Torleiv Bolstad, sette i si tid opp eit fond med mål om eit stipend til ein ung spelespelar i regionen. Eit eige styre finn kandidatar til stipendet. Stipendmottakaren må syne evne og vilje til å gå inn for folkemusikk frå Valdres, og han eller ho må vere mellom 15 og 25 år. Stipendet blir kvart år delt ut på Jørn Hilme stemnet.

Billett til prisutdeling og konsert med Karl Seglem band gjev tilgang berre til prisutdelinga og konserten. Ynskjer du å få med deg resten av sommarkvelden på Valdres Folkemuseum, kan det løne seg å kjøpe kveldspass. Det gjer du her!

Velkommen til pris og konsert!

KJØP BILLETT »

Konsertar
Start: Fredag 15. juli kl. 18.00
Slutt: Fredag 15. juli kl. 18.15
Stad: Amfiet, Valdres Folkemuseum, Fagernes