Trytelæte


Med munnharpe, seljefløyte og andre fløyter tek musikarane Magne Olav Selland, Silje Hegg og Stein Villa oss gjennom musikk skapt med og av kjeften. Velkomen til trytelæte!

Foto: Cathrine Dokken

Stein Villa er ein allsidig musikar som får musikk ut av det meste: I tillegg til fløyter og sekkepipe spelar han fele, mandolin, gitar, lyre, langeleik og norsk harpe. Stein Villa bur til dagleg på Gjøvik, men fartar landet rundt med kurs og konsertar.

Magne Olav Selland er eigentleg frå Vossestrand, no busett i Øystre Slidre. Der jobbar han som kyrkjemusikar. Magne Olav spelar primært hardingfele, med forankring i tradisjonen frå Voss. Seinare har han lært seg mykje stoff særleg frå Valdres. Munnharpa er tryteinstrumentet til Magne Olav, noko han fekk interesse for i vaksen alder. Her har han jobba mykje med å tilpasse feleslåttar til dette instrumentet.

Silje Hegg frå Vinje har vunne fløyteklassa på Landskappleiken fleire gonger. Den autentiske stilen og rytmiske snerten gjer ho til ein svært omtykt utøvar og ein viktig representant for seljefløyta. Ho var tidlegare med i gruppa Blåmann Blåmann, som turnerte med stor suksess i både inn- og utland.

Billett til konsert med Trytelæte gjev tilgang berre til konserten. Ynskjer du å få med deg resten av sommarkvelden på Valdres Folkemuseum, kan det løne seg å kjøpe kveldspass. Det gjer du her!

Medverkande:
Magne Olav Selland, munnharpe, hardingfele
Silje Hegg, seljefløyte
Stein Villa, fløyter, sekkepipe og mangt anna

KJØP BILLETT »

Konsertar
Start: Fredag 15. juli kl. 21.00
Slutt: Fredag 15. juli kl. 22.00
Stad: Høyne skule, Valdres Folkemuseum, Fagernes
Pris: 250 kr