Trio Griggen


Denne konserten er eit folkemusikalsk tilsvar til Grieg, eller «Griggen» som Gjendine Slålien, ei av dei store kjeldene hass, kalla han. Konserten har slåttar og folketonar som gjennomgangstema basert på eit materiale også Edvard Grieg let seg inspirere av i opus 66 og 72.

Unni, Anne og Ingfrid spelar dei originale slåttane og songane som Grieg også høyrde – og kanskje slepp dei «Griggen» til med ein replikk hist og her.

Ingfrid Breie Nyhus spelar klassisk, folkemusikk og samtidsmusikk på piano. Ho har vakse opp i ein folkemusikkfamilie og blir omtala som ein «klangvirtuos». Nyhus har motteke ei rekke prisar og vore nominert til Spellemann i tillegg til store komponist- og konsertoppdrag i inn- og utland.

Unni Løvlid er ei av våre mest ettertrakta folkesongarar. I tillegg til tradisjonell folkesong har ho alltid arbeidd i feltet mot samtidsmusikken. Ho har vunne Landskappleik og Spellemann og arbeider på Norges Musikkhøgskole.

Anne Hytta er hardingfelespelar og komponist. Også ho meistrar både tradisjon og nyskaping og har brei erfaring både frå solo- og samarbeidsprosjekt. For plata «Strimur» fekk ho Spellemann i 2017.

Velkomne til Aurdal kirke!

KJØP BILLETT »

Konsertar
Start: Onsdag 8. juli kl. 19.00
Slutt: Onsdag 19. februar kl. 20.00
Stad: Aurdal kirke
Pris: 250 kr