Tingingsverk: Dålågjel


Korleis høyrest fortida ut? Korleis forstå eit sprøtt og ruskete musikalsk opptak med avlidne musikarar?

Foto: Signe Fuglesteg Luksengard

Dålågjel spinn ut frå ei felles interesse for tradisjonelle slåttar og korleis ein kan spele dei saman. Ved å ta utgangspunkt i arkivopptak av solospel frå ulike dalstrøk spelar gruppa dansemusikk med ein type arrangering der trikset er å dele alle elementa i slåtten frå kvarandre og så distribuere dei utover heile bandet og setja dei saman att akkurat slik dei er spelte i arkivopptaket. Spørsmålet er då korleis dette vil høyrast ut. Som eit orientalsk orkester? Som ein synth? Som ei einaste gedigen fele?

Billett til konsert med Dålågjel gjev tilgang berre til konserten. Ynskjer du å få med deg resten av sommarkvelden på Valdres Folkemuseum, kan det løne seg å kjøpe kveldspass. Det gjer du her!

Velkomen til ei verd av rustikke godbitar!

Medverkande:
Astrid Garmo, fele, langeleik, diverse
Hans Kjorstad, fele, harmonium, diverse
Helga Myhr, hardingfele, diverse
Kenneth Lien, munnharpe, langeleik, diverse
Rasmus Kjorstad, fele, langeleik, diverse

KJØP BILLETT »

Konsertar
Start: Fredag 15. juli kl. 23.00
Slutt: Fredag 15. juli kl. 00.00
Stad: Festsalen, Valdres Folkemuseum, Fagernes
Pris: 250 kr