Synnøve Brøndbo Plassen


Å tralle låttar er nærmast som ei idrettsgrein å rekne – og tek pusten frå dei beste.

Foto: Zosha Warpeha

Synnøve Brøndbo Plassen er ein ung og framstormande folkemusikar og folkesongar med stor låttekunnskap – og pust, vil vi tru. Til Jørn Hilme-stemnet kjem ho med eit arsenal av danselåttar – alt framført på kjeften!

Synnøve kjem frå Folldal i Østerdalen. Hausten 2021 sleppte ho det spellemannsnominerte debutalbumet sitt, Hjemve, med låttetralling frå Folldal. Repertoaret er alt frå lokk og låttetralling til skillingsviser og eigenkomponert musikk. For tida tek ho ein master i folkemusikk på Noregs musikkhøgskole.

Billett til konsert med Synnøve gjev tilgang berre til konserten. Ynskjer du å få med deg resten av sommarkvelden på Valdres Folkemuseum, kan det løne seg å kjøpe kveldspass. Det gjer du her!

Medverkande:
Synnøve Brøndbo Plassen

KJØP BILLETT »

Konsertar
Start: Fredag 15. juli kl. 22.00
Slutt: Fredag 15. juli kl. 23.00
Stad: Høyne skule, Valdres Folkemuseum, Fagernes
Pris: 250 kr