Susen av Garlistuten


«Det er 60 år sidan 1960. Det er eit hendingsrikt år. Fyrste Hilmestemnet ser dagens lys på Fagernes, ein festival til minne om meisterspelemannen Jørn Hilme frå Ulnes.

Blaut og rå er lyden av Hilmestemnet. Låt og låttar kan høyrast på Valdres folkemuseum, i regnvêr og væte, i regnfrakk og hatt, på Folkvang og i radioen.

Og midt oppi alt: ein forvitneleg dyrgrip utstilt på stas i ein glasmonter, den legendariske Hilme-fela Garlistuten, nyleg heimattkomen etter meir enn 70 år borti Amerika.»

Hilme-biografen Olav Norheim og spelemannen Sivert Holmen skrur tida tilbake til 1960, ja kanskje endå lenger.

KJØP BILLETT »

Konsertar
Start: Laurdag 11. juli kl. 20.30
Slutt: Laurdag 11. juli kl. 21.30
Stad: Flatigarden, Valdres Folkemuseum
Pris: Arrangementet inngår i kveldsbilletten for laurdag.