Susanne Lundeng og Nils-Olav Johansen


Årets fyrste konsert på Jørn Hilme-stemnet byr på sjøsprut og skrikande havelle. Velkomen til nordnorsk stemning i valdresfjell!

Foto: Guri Dahl

Susanne Lundeng er i dag ei av dei mest særprega felespelarane, komponistane og musikalske fritenkarane i landet. Ho har ein sterk musikalsk utforskartrong og blandar det ho kjem over av gamle feleslåttar og folketonar, med erfaringane i eige liv. I tekstar og melodiar skildrar ho drama i menneska og landskapet. Susanne Lundeng er ein merittert musikar og har mellom anna vunne Spellemannprisen i klassa for folkemusikk. Ho har gjeve ut ei mengd plater, den siste i rekka er Hold dæ på vingan (2020).

Lundeng kjem ikkje åleine. Nils-Olav Johansen er jazzgitarist og songar og hentar inspirasjon frå tradisjonell musikk frå heile verda. Han står for virtuose improvisasjonar og har ein særeigen signatur. Når Johansen ikkje er musikar på landevegen, er han professor i jazzgitar på jazzlinja ved NTNU i Trondheim.

Musikken til Lundeng og Johansen strekker seg frå det sarte og dempa til det stormfulle og eggjande. I ein symbiose av jazz, vise og nordnorsk tradisjon tek ny musikk sats og slår rot.

Før konserten er det det vandring på Kongevegen og servering av mat. Du kan kjøpe billett til dei enkelte arrangementa, eller ein pakkepris for alt. Sjå elles ticketco.

  • Vandring (inkludert buss): 400 kr
  • Mat: 250 kr
  • Konsert: 250 kr
  • Vandring, mat og konsert: 800 kr

Medverkande:
Susanne Lundeng, fele, song
Nils-Olav Johansen, gitarist, song

KJØP BILLETT »

Konsertar
Start: Sundag 10. juli kl. 18.00
Slutt: Sundag 10. juli kl. 19.00
Stad: St. Tomaskyrkja, Filefjell
Pris: 250 kr