Susanne Lundeng duo


Sjøsprut og skrikande havelle. Velkomen til nordnorsk stemning i Hedalen stavkyrkje!

Foto: Guri Dahl

Susanne Lundeng er i dag ei av dei mest særprega felespelarane, komponistane og musikalske fritenkarane i landet. Ho har ein sterk musikalsk utforskartrong og blandar det ho kjem over av gamle feleslåttar og folketonar, med erfaringane i eige liv. I tekstar og melodiar skildrar ho drama i menneska og landskapet. Susanne Lundeng er ein merittert musikar og har mellom anna vunne Spellemannprisen i klassa for folkemusikk. Ho har gjeve ut ei mengd plater, den siste i rekka Hold dæ på vingan (2020).

Lundeng kjem ikkje åleine. Nils-Olav Johansen er jazzgitarist og songar og hentar inspirasjon frå tradisjonell musikk frå heile verda. Han står for virtuose improvisasjonar og har ein særeigen signatur. Når Johansen ikkje er musikar på landevegen, er han professor i jazzgitar på jazzlinja ved NTNU i Trondheim.

Musikken til Lundeng og Johansen strekker seg frå det sarte og dempa til det stormfulle og eggjande. I ein symbiose av jazz, vise og nordnorsk tradisjon tek ny musikk sats og slår rot.

Medverkande:
Susanne Lundeng, fele, song
Nils-Olav Johansen, gitarist, song

KJØP BILLETT »

Konsertar
Start: Måndag 11. juli kl. 19.00
Slutt: Måndag 11. juli kl. 20.00
Stad: Hedalen stavkyrkje, Hedalen
Pris: 250 kr