Sumarkveld på museet og bursdagsfeiring


Skal vi danse? Høyre på konsertar? Kikke på folkelivet?

Gamaldans og bygdedans på tusen golv har vore slagordet til Jørn Hilme-stemnet i mange år, og seier noko om dansen sin plass på stemnet. Sumarkveldane på Valdres Folkemuseum med dansespel som strøymer ut frå dei gamle stovene, er med på å gje festivalen eit unikt særpreg i den norske festivalfloraen. Om du likar deg i dei uformelle og intime stovene på Valdres Folkemuseum eller har trang til å bryske deg på kappleikscena; Jørn Hilme-stemnet er fyrst og fremst dansarane sitt stemne. Slik blir det også i år.

Gå ikkje glipp av ein sumarkveld på museet. Denne laurdagen kan du få med deg saftig dansespel, intime konsertar, aktivitetar for dei minste, mat, drykk og god kok i telta. 

Vi kan lokke med stølsvandring med museumsdirektør Ole Aastad Bråten, Ferskfolk-kurs, Døgeniktdebatt, utekappleik og finalespel, Sudan Dudan, musikklaboratorium og dansespel av ypparste kvalitet. Og sjølvsagt skal vi feire at HILME er 60 år med kake! Velkomen til bursdagsfest!

OBS! Dans frå kl. 20.00. Billett til laurdagskveld på museet gjev også inngang på konserten med Sudan Dudan og andre arrangement på museet denne kvelden. 

KJØP BILLETT »

Konsertar
Start: Laurdag 11. juli kl. 16.30
Slutt: Sundag 12. juli kl. 02.00
Stad: Valdres folkemuseum
Pris: 300 kr