Ein kakafoni av hjartesyngande klangar.
Foto: Sigurd Ytre Arne
Med hardingfele, cello og gitar serverer Erlend Viken Trio ei intens musikalsk reise i grenselandet mellom alt mogeleg. Trioen hentar inspirasjon i folkemusikken, i rocken, i afrikansk ørkenblues og amerikansk old-time musikk – og sikkert mykje, mykje meir. Ut av tradisjonane veks nye, finurlege og hjartesyngande klangar. Dei musikalske kreftene bryt og herjar med det meste.
Erlend Viken, Marius Graff og Sondre Meisfjord har kvar for seg og i ulike konstellasjonar eit hav av plateutgjevingar bak seg, fleire spelemannsprisar og samarbeid med dei fleste – og beste. Med på konserten er langeleikspelaren Ingrid Lingaas Fossum frå Fagernes.
Velkomen!
Medverkande:
Erlend Viken, fele og hardingfele
Marius Graff, elgitar og banjo
Sondre Meisfjord, kontrabass
Ingrid Lingaas Fossum, langeleik