Blaut og rå er lyden av Jørn Hilme-stemnet,
i regnvêr og væte,
i djupblåe sommarkveldar
– eller i lyngen på Jaslangen medan sola sig ned bakom fjelltoppane.
Vil du oppleva eggjande felespel i ei mørk stove?
Vil du lære å spela langeleik
eller berre flyte med i den gode stemninga ein varm sommarkveld?
Kom for songen, kom for spelet,
kom for store opplevingar i godt lag.
Foto: Eva Karlsson
Velkomen til sommarkveld på Jørn Hilme-stemnet. Laurdag under festivalveka kan du få med deg saftig dansespel frå gamaldansgruppa Jutullaget, konsertar og danseframsyningar, aktivitetar for dei minste, mat og drikke og høg temperatur i festivalteltet. På festplassen er det sal av lokalprodusert mat og husflidsvarer frå lokale produsentar.
Festivalarenaen vår, Valdres Folkemuseum, er eit av dei største friluftsmusea i landet med fleire hundre gamle hus og bygningar. I lyset frå flakkande stearinlys kan du lyde til dei beste spelemennene og -kvinnene i landet, eller du kan ta del i dansen. By opp sjølv, eller ta handa som byr deg opp, og bli med ut på golvet!
Nytt på festplassen i 2023: Basstogo for kalde kroppar, hesteskokasting og godkarstykke for dei minste!
Festen på Valdres Folkemuseum byrjar klokka 17.00 og er slutt klokka 02.00. Programmet fredagskvelden ser du her!
Velkommen – med og utan dansesko!