Solefallskonsert med Kim Rysstad med band


Denne konserten vil du ikkje gå glipp av! Ein gong i året blir det vesle stølslaget Jaslangen i Valdres vestfjell fylt av eit tusentals menneske. Med Hemsedalsfjella som bakteppe finn ein seg til rette i lyng og vier for å få med seg årets beste kombinasjon av musikk og natur.

I år er vi glade for å ynskje Kim Rysstad med band velkomen til fjells! Denne modige sjangerkunstnaren har gjennom heile karrieren teke avstikkarar til nye musikalske landskap. Men utgangspunket er og blir folkemusikken, då særleg den vokale tradisjonen frå Setesdal og Telemark.

Kim Rysstad vart kjent for det norske folk då han i haust deltok i NRK-programmet Stjernekamp. Folkemusikaren frå Setesdal imponerte dommarar og publikum då han gjennom ulike sjangrar song seg inn i både hjarte og finalen.

Musikarar:
Kim Rysstad – vokal
Annar By – gitar, el. gitar
Ronny Kjøsen – trøorgel, trekkspel, piano
Nils Økland – fele , hardingfele
Birger Mistereggen – perkusjon
Andreas Amundsen – bass

Reise til Jaslangen
Frå Fagernes køyrer du E16 til Ulnes, ta av til Vaset og følg skilting til Jaslangen. Turen tek ca 50 minutt. Vi oppmodar elles alle til samkøyring. Hugs også varme klede, sitjeunderlag og regnjakke. God tur til fjells! Ta buss til Jaslangen? Bussbillettar kjøper du også her!

Buss:
• Ruta frå Fagernes: Fagernes skysstasjon (avgang 18.45), via Ulnes kyrkje (avgang 19.00), via Vasetsenteret (19.15). 
• Ruta frå Slidre/Røn: Slidretun (avgang 18.45) via Røn samfunnshus (avgang 19.00)–Brekkudn–Vaset senter–Nøsen–Jaslangen.

Foto: Anne-Marte Før, Lukkeleik

KJØP BILLETT »

Konsertar
Start: Tirsdag 7. juli kl. 20.30
Stad: Jaslangen i Vestre Slidre
Pris: 350/175/gratis