Sivert Holmen


Felespelar Sivert Holmen får æren av å avslutte Jørn Hilme-stemnet 2022.

Foto: Cathrine Dokken

Sivert Holmen har med seg Jotunheimen, ei plateutgjeving som samlar mange av dei beste og mest særmerkte låttane i Valdres-tradisjon. Plata er gjeven ut på plateselskapet Ta:lik.

Sivert Holmen er ein av dei fremste formidlarane av tradisjonelt slåttespel på hardingfele. Med Valdres som heimstad er han særleg oppteken av valdrestradisjonen. Sivert kombinerer klangen og tonen frå det ypparste innanfor hardingfeleverda med råskapen i valdresspringaren. Vare lydarlåttar der tida nesten stoppar opp, og springarar ein umogleg kan stå stille til, dannar kjernen i uttrykket hans.

Sivert har vunne prisar og utmerkingar som Fureprisen (2016), Øivind Berghs minnepris (2017) og årets unge folkemusikar (2015, med Bjørn Kåre Odde).

Medverkande:
Sivert Holmen, hardingfele

KJØP BILLETT »

Konsertar
Start: Sundag 17. juli kl. 12.00
Slutt: Sundag 17. april kl. 13.00
Stad: Festsalen, Valdres Folkemuseum, Fagernes
Pris: 250 kr