I år er det 200 år sidan det dramatiske Kjørstad-drapet i Valdres. Jørn Hilme-stemnet set opp ei nyskriven framsyning om drapet, og hendingane i etterkant.
Framsyninga består av tradisjonell og nyskriven musikk, skapt og formidla av folkemusikaren Henning Andersen. Han er einaste musikaren i prosjektet og deler scena med skodespelar Cato Skimten Storengen, som formidlar nyskrivne tekstar, skrivne av Alice Gudheim.
Hendinga fekk mykje merksemd over heile landet. Diktaren Johan Sebastian Welhaven engasjerte seg i saka og skreiv seinare det kjende diktet «Åsgårdsreien» til minne om hendinga. Diktet baserer seg på referat frå rettssaka og er såleis eit godt vitnesbyrd om hendinga.
I kjølvatnet av drapet vaks også mytane og forteljingane. Det vart sagt at kniven som vart brukt under ugjerninga, hadde heilande kraft, at sjuke vart friske. Låtten som vart spelt i bryllaupet, fekk namnet «Kjørstad-drepen» og har sidan bryllaupet vore godt kjent blant spelemann i Valdres. Slik har låtten vore med på å halde liv i forteljingane og myten om drapa.
Spelemann Henning Andersen (f. 1977) er ein av dei fremste tradisjonsutøvarane på hardingfele og langeleik i Valdres i dag og har stor kunnskap om drapet, låttane og rettsprosessen. Cato Skimten Storengen (f. 1980) er ein av dei fremste unge skodespelarane våre i dag. Han er fødd i Valdres og har stor tilknyting til regionen. I 2004 var han ferdig utdanna ved Statens teaterhøgskole, og etter det var han fast tilsett ved Rogaland Teater fram til 2010. Han var med på å starte friteatergruppa Statsteatret i 2011. Det er Alice Gudheim (f. 1975) som skal skrive manus til framsyninga. Alice Gudheim er utdanna tekstforfattar frå Westerdals Reklameskole. Ho har arbeidd som journalist og skribent over fleire år og er sjølvstendig næringsdrivande. I 2018 gav ho ut boka Huset på eige forlag i lag med fotograf Anne Marte Før. Ho har skrive scenetekstar for danseframsyningane «På Pynte» og «Reir» i regi av Jørn Hilme-stemnet. Sommaren 2022 publiserte Jørn Hilme-stemnet fotoprosjektboka I lys av med foto av Eva Karlsson og tekstar av Alice Gudheim.
Medverkande:
Henning Andersen
Cato Skimten Storengen
Alice Gudheim