Etter mange konsertar, dansespeling og mykje øving er dei endeleg klare for å gje ut musikken på plate.
Foto: Thor Hauknes
Velkomen til plateslepp med spelemennene Inge Gjevre, Mads Erik Odde og Vegar Vårdal!
Den ferske plata Vandring er fullstappa av tradisjonelle og eigenkomponerte låttar i kombinasjonen med hardingfele, toradar og akkordion, ein litt uvanleg, men frisk og spennande instrumentkombinasjon som skil seg ut i den musikalske floraen. Trioen lovar musikk til å bli sveitt av på Hilme i år.
Dei tre karane har alle base i Gudbrandsdalen og har musikken som dagleg syssel. Trioen gav i 2020 ut plata Husklugumt og fekk pris på Folkelarm i klassa for dansespel.
Medverkande:
Inge Gjevre
Mads Erik Odde
Vegar Vårdal