Musikk på roterommet


DJ Ånon set i gang ulike lydkjelder i musikk på roterommet. Det luktar av nerd når Ånon spelar, for det meste ukjent stoff han synes det er kult å høyre på. 

Som musikar er Ånon tradisjonalist som også er leiken og eksperimenterande, og som forskar er han oppteken av historikk og opphav. Ånon Egeland er hardingfele- og munnharpespelemannen som klør i møte med andre instrument og han har abnorm kunnskap om spel på gamlemåten. Han er også førsteamaniensus ved Universitetet i Sørøst Norge. 

KJØP BILLETT »

Konsertar
Start: Fredag 10. juli kl. 19.00
Stad: Nystøga, Valdres folkemuseum
Pris: Arrangementet inngår i kveldsbilletten for fredag.