Møte med mellomalderen


Hedalen stavkyrkje – møte med mellomalderen. Omvising og kaffiprat ved prest Signe Elisabeth Kvåle.

Foto: Pressefoto

I snart 1000 år har ho stått der. Stavkyrkja i Hedalen er eit klenodium i bygda, og ein stad for ettertanke og djupdykk i eige liv. Den gamle stavkyrkja er frå midten av 1100-talet. Her er veggane fylte av historie og hendingar. Signe prest vil fortelja om kyrkja og menneska, om altartavla og relikvieskrinet, om madonnaa og klangen frå dei gamle klokkene og ikkje minst om bjørneskinnet. Ifylgje segna er skinnet restar av ein bjørn som vart skoten i kyrkja då jegerar fann att kyrkja etter svartedauden. Men er det sant? Etter omvisinga kjem konserten Hold dæ på vingan med Susanne Lundeng og Nils-Olav Johansen. Omvisinga er gratis og open for alle!

Medverkande:
Signe Elisabeth Kvåle, prest

Konsertar
Start: Måndag 11. juli kl. 17.00
Slutt: Måndag 11. juli kl. 18.00
Stad: Hedalen stavkyrkje, Hedalen
Pris: Gratis! Møt opp!