Svolten før konsert? Velkommen til servering av tradisjonell valdresmat!
Foto: COOP
Fagernes Landhandel serverer magjerd til slitne turgåarar og til dei som skal på konsert med Susanne Lundeng duo. Magjerd er ein lokal spesialitet og inneheld mellom anna potet, erter, kjøt, gulrøter og potet. Til maten blir det servert heimelaga brød og smør.
Etter vandringa på Kongevegen er det servering av mat frå Fagernes Landhandel på St. Tomaskyrkja. Seinare på kvelden er det konsert. Du kan kjøpe billett til dei enkelte arrangementa, eller ein felles pakkepris. Sjå elles ticketco.
- Vandring (inkludert buss): 400 kr
- Mat: 250 kr
- Konsert: 250 kr
- Vandring, mat og konsert: 800 kr
Medverkande:
Fagernes Landhandel