Mari Boine


Velkomen til magiske kveldstimar på Jaslangen i Vestre Slidre!

Foto: Gregor Hohenberg

I år er det internasjonalt anerkjende Mari Boine med band som toneset sommarkvelden på Jaslangen! Konsertscena ligg blant lyng og vier i eit av dei flottaste fjellområda i dalføret vårt.

Mari Boine har skapt eit svært personleg uttrykk med element frå rock og joik, jazz og folkemusikk – og musikk frå andre kulturar. Ho er Noregs fremste representant innanfor verdsmusikken og har hausta stor internasjonal anerkjenning for musikken sin i alle dei åra ho har halde på.

Medverkande:
Mari Boine, song
Georg Buljo, gitar/vokal
Gunnar Augland, tromme
Svein Schultz, bass
Stein Austrud, keys

Konsert, mat og overnatting:
Jørn Hilme-stemnet tilbyr eigne pakkar til dei som ynskjer god mat og ei god seng – i tillegg til konserten med Boine. Dette skjer i samarbeid med Gomobu Fjellstue på Vaset. For bestilling av billett, mat og seng – kontakt Gomobu Fjellstue her: www.gomobu.no / post@gomobu.no / 61 35 77 10

Jørn Hilme-stemnet er oppteke av gode miljøløysingar og set difor opp bussar frå fleire plassar i Valdres. Det blir mogleg å kjøpe billett til bussane etter kvart.

Bil:
Frå Fagernes køyrer du E16 til Ulnes, ta av til Vaset og følg skilting til Jaslangen. Turen frå Fagernes tek ikring 50 minutt. Vi oppmodar elles alle til samkøyring. Hugs også varme klede, sitjeunderlag og regnjakke. God tur!

Buss:
Frå Fagernes: Fagernes skysstasjon (avgang 18.45), via Ulnes kyrkje (avgang 19.00), via Vaset senter (19.15). Frå Slidre/Røn: Slidretun (avgang 18.45) via Røn samfunnshus (avgang 19.00), vidare Brekkudn – Vaset senter – Nøsen – Jaslangen.

KJØP BILLETT »

Konsertar
Start: Tysdag 12. juli kl. 20.30
Slutt: Tysdag 12. juli kl. 22.30
Stad: Jaslangen, Vestre Slidre
Pris: 400 kr