Mads Erik Odde


Såre tonar frå øvst i Gudbrandsdalen. Trekkspelar Mads Erik Odde spelar på sansane.

Foto: Thor Hauknes

Mads Erik Odde spelar trekkspel og er frå Garmo i Lom. Han er ein av dei fremste utøvarane i landet på sitt instrument, og i 2021 fekk han Spelemannprisen for soloplata Logne slåttar. Mads Erik er mykje nytta som dansespelemann og instruktør i tillegg til at han er ein aktiv konsertutøvar, både som solist og saman med konstellasjonar som Lendmenn, FIRO og Gjevre, Odde & Vårdal. Han har utdanning frå folkemusikklina på Vinstra og Noregs musikkhøgskole, der han fullførte mastergraden i 2017. I tillegg til å vera frilans musikar jobbar Mads Erik som lærar i kulturskulane rundt om i Nord-Gudbrandsdalen.

På konserten får publikum høyre utdrag frå plata Logne slåttar, annan tradisjonsmusikk frå Gudbrandsdalen og Sverige, i tillegg til eigenkomponerte slåttar. Vel møtt til ei stemningsfull avslutning på festkvelden!

Billett til konserten gjev tilgang berre til konserten. Ynskjer du å få med deg resten av sommarkvelden på Valdres Folkemuseum, kan det løne seg å kjøpe kveldspass. Det gjer du her!

Medverkande:
Mads Erik Odde

KJØP BILLETT »

Konsertar
Start: Laurdag 16. juli kl. 23.00
Slutt: Laurdag 16. juli kl. 00.00
Stad: Høyne skule, Valdres Folkemuseum, Fagernes
Pris: 250 kr