Quiz med Kjellbjørn Karsrud og Henning Andersen.
Foto: Knut Utler og Marit Sletten
Spelemennene Henning Andersen (f. 1677) og Kjellbjørn Karsrud (f. 1813) har samanlagt brukt over eit halvt hundreår på å leite i alle krikar og krokar etter tradisjonsstoff frå Valdres. Kva skjer når dei skal saumfara sin eigen heimkommune etter låttar og spelemannshistorier? Denne gongen ynskjer dei å utfordre spelemannskunnskapane dine: Kva er ein kvart? Kor lang er ein feleboge? Kva er ein lauskar, og kor mange ungar hadde Jørn Hilme?
Henning Andersen frå Aurdal i Valdres har gått i lære hjå ei mengd felespelarar i Valdres, mellom andre Trygve Bolstad, Harald Røine og Andris A. Dahle. Kjellbjørn Karsrud er frå Leira i Valdres, i dag busett i Lom. Han er ein god, gamaldags folkemusikknerd, med oversikt over det meste av låttar, spelemenn og kappleiksresultat.
Velkomen til kviss på Munkekroen!
Medverkande:
Henning Andersen
Kjellbjørn Karsrud