Spelemennene Tuva Syvertsen og Sivert Holmen utfordrar spelemannskunnskapane dine og spør: Kva er ein kvart? Kor lang er ein feleboge, og kor mange ungar og kjerringar hadde Jørn Hilme?
Foto: Cathrine Dokken
Tuva Syvertsen er velkjent for dei fleste. Valkyrien er bandet hennar, og Tuvas blodklubb er den einaste folkemusikalske nattklubben i landet. Tuva har brei kunnskap om det meste som rører seg i folkemusikkverda. Ho elskar mikrofonar og tuktar publikum med fæle vitsar og rause poengsummar. Med seg har ho felespelar Sivert Holmen, ein ikkje ukjend kar frå Øystre Slidre. Skarp, klok og vrien. Sivert er ein konkurransemann og ein god, gamaldags folkemusikknerd, med oversikt over det meste av låttar, spelemenn og kappleiksresultat.
Medverkande:
Tuva Syvertsen
Sivert Holmen