Kven var Olav Moe?


I år er det 150 år sidan redaktør, forfattar, politikar, organisasjonsmenneske, gardbrukar, føredragshaldar og storspelemann Olav Moe vart fødd.

Foto: Ukjent

Det vil vi feire! Moe turnerte som spelemann og føredragshaldar i godt over 50 år, og heldt hundrevis av konsertar i Noreg, Danmark, Tyskland, Sverige og USA. Det var Moe som i si tid skapte myten om Jørn Hilme, og kva er vel ikkje meir naturleg enn at vi ærar han med eit eige føredrag!

Håkon Asheim er mellom dei fremste utøvarane på hardingfele i sin generasjon. I hovudfagsstudiet i musikk på Universitetet i Oslo forska han på «konsertspelemennene» kring 1900, med Olav Moe som hovuddøme. Sidan 2003 har han arbeidd som studieleiar ved Ole Bull Akademiet på Voss. Asheim har medverka på fleire plater, og han har skrive bok.

Medverkande: 
Håkon Asheim

KJØP BILLETT »

Konsertar
Start: Sundag 17. juli kl. 13.00
Slutt: Sundag 17. juli kl. 14.00
Stad: Slidrehuset, Valdres Folkemuseum, Fagernes
Pris: 150 kr