Marit Karlberg og Berit Opheim


Bli med på ei reise og eit møte i folkesongen, over fjellet frå aust til vest og attende.

Foto: Cathrine Dokken og Per Finne

Kvedarane Berit Opheim frå Voss og Marit Karlberg frå Valdres har funne fram songar frå dei rike folkemusikktradisjonane dei er ein del av; stubbar frå stølen, viser, slåttar, salmar og bånsullar. På vegen har dei funne lokalt særpreg, men òg slektskap i melodi og tekst.

Marit Karlberg har utmerkt seg dei siste 20 åra som ei av dei mest særeigne folkesongarane i Noreg. Særleg må nemnast den unike speleteknikken som ho har utvikla på leiken, og som ho brukar som fylgje til sin eigen song. Berit Opheim har interessert seg for folkesong og samtidsmusikk, for barokkmusikk og mellomaldermusikk. Ut av det heile veks mykje improvisasjon og eigen, fri song.

Billett til konserten gjev tilgang berre til konserten. Ynskjer du å få med deg resten av sommarkvelden på Valdres Folkemuseum, kan det løne seg å kjøpe kveldspass. Det gjer du her!

Medverkande:
Berit Opheim, song
Marit Karlberg, song og langeleik

KJØP BILLETT »

Konsertar
Start: Laurdag 16. juli kl. 22.00
Slutt: Laurdag 16. juli kl. 23.00
Stad: Festsalen, Valdres Folkemuseum, Fagernes
Pris: 250 kr