Kviven duo


Kviven er fjellet som skil Hornindal i Nordfjord frå Austefjorden på Sunnmøre.

Foto: Kristin Støylen

I mange hundre år har folk gått denne velkjende ferdselsåra, anten det var til arbeid eller fest. Mange felespelarar har utveksla musikk over Kviven, og nettopp dette er grunnlaget for duoen og felespelarane Britt Pernille Frøholm og Jorun Marie Kvernberg: to feler, to tradisjonar, på kvar si side av Kviven.

Kviven duo framfører gamle danseslåttar frå Nordfjord og Sunnmøre med ein djervskap og energi som får nervane til å slå gneistar. Den vestlandske blygselen svinn som dogg for sol når duoen triv felene sine! Utan å gå på kompromiss med tradisjonen kastar Frøholm og Kvernberg nytt lys over musikk som har levd i området i fleire hundreår.

Frøholm og Kvernberg har kvar for seg og i ulike konstellasjonar mangfaldige plateutgjevingar i sekken, fleire spelemannsprisar på hylla og ei imponerande merittliste.

Billett til konserten gjev tilgang berre til konserten. Ynskjer du å få med deg resten av sommarkvelden på Valdres Folkemuseum, kan det løne seg å kjøpe kveldspass. Det gjer du her!

Velkomen!

Medverkande:
Jorun Marie Rypdal Kvernberg, fele
Britt Pernille Frøholm, fele

KJØP BILLETT »

Konsertar
Start: Torsdag 14. juli kl. 20.00
Slutt: Torsdag 14. april kl. 21.00
Stad: Festsalen, Valdres Folkemuseum, Fagernes
Pris: 250 kr