Hitterdal


Visste du at Hitterdal er det gamle namnet på Heddal i Telemark?

Foto: Andre Nesheim

Tre av dei fremste hardingfelespelarane i landet har grave djupt i det hitterdalske musikkarkivet og pusta støv av daudt notepapir. Resultatet har blitt ein vakker flora av gamle og nye låttar, songar og slåttestev.

Ein trio av hardingfelespelarar finst det fleire av. Felles for alle er musikalske røter tilbake til den legendariske Hardingfeletrioen med Eivind Groven, Alfred Maurstad og Sigbjørn Bernhoft Osa på 30-talet. Lyden av tre hardingfeler saman kan låte ope og overtonerikt i det eine augeblikket, og som eit detaljrikt, stort orkester i det neste. På konsertane med Hitterdal får repertoaret av slåttar og visetonar ein smak av begge delar.

Til konsertane på Jørn Hilme-stemnet har Anne og Tuva fått med seg Valdres’ store son Sivert Holmen (som vikar for Johanne Flottorp.)

Billett til konsert med Hitterdal gjev tilgang berre til konserten. Ynskjer du å få med deg resten av sommarkvelden på Valdres Folkemuseum, kan det løne seg å kjøpe kveldspass. Det gjer du her!

Medverkande:
Anne Hytta, hardingfele
Tuva Færden, hardingfele, song
Sivert Holmen, hardingfele

KJØP BILLETT »

Konsertar
Start: Fredag 15. juli kl. 20.00
Slutt: Fredag 15. juli kl. 21.00
Stad: Festsalen, Valdres Folkemuseum, Fagernes
Pris: 250 kr