Fjellområdet vest for Bygdin er eit av dei mektigaste turområda i Valdres. Høge tindar og blikstille fjellvatn – og spora frå fortida.
Foto: Bygdin Høifieldshotel
Fagerdalen er ein liten sidedal i Jotunheimen, vest og opp for fjellvatnet Bygdin. Fagerdalen er naturen – og kulturen, og namnet på ein lått. Springaren Fagerdalen finst i fleire variantar over heile landet. I Flesberg er han kjent som «Flesbergen», i Telemark spelar dei «Nisien». I Valdres var låtten før i tida kalla «Bikkjelåtten», før spelemannen Ola Okshovd bygde han om og vida han ut. Okshovd seier sjølv på eit arkivopptak i Valdres folkemusikkarkiv at «e ska spela Fagerdal'n. De e ein lått så e sette navdn på ei gång e va uppi Jøtunheime».
Turen startar kl. 11.00 frå Bygdin Høifieldshotel. Undervegs blir det prat og musikk. Middels krevjande tur på 10 km. Ta gjerne med ei nistepakke. Turvert for dagen er kjentmann Tor Harald Skogheim frå Øystre Slidre. Han er eit levande leksikon når det gjeld kunnskap om fjella, naturen og kulturen.
Etter turen serverer vertskapet på Bygdin Høifieldshotel magjerd til slitne turgåarar og til dei som skal på konsert med Sivert Holmen og Malin Alander. Maten byrjar klokka 16.00. Magjerd er ein lokal spesialitet og inneheld mellom anna potet, erter, kjøt, gulrøter og potet. Til maten blir det servert heimelaga brød med smør. Er du allergikar, ta kontakt, så finn vi alternative løysingar.
- Vandring, mat og konsert: 900 kr
- Konsert: 300 kr
Medverkande:
Tor Harald Skogheim, turvert
Musikar