Valkyrien – på heimebane!
Foto: Valkyrien
Valkyrien er kjent som eit av dei beste liveband i landet og har sidan starten i 2007 gått føre i utviklinga av den arrangerte folkemusikken. Bandet har drege i nye retningar for kvar utgjeving dei har kome med, og endar opp med eit særeige uttrykk og ein umiskjenneleg signatur. Siste studioalbumet deira – Slutte og byne – vann Spellemannprisen i 2020 i kategorien Vise. For forståsegpåarar i folkemusikken er det likevel tydeleg at bandet har rota si i folkemusikken.
Ein kuriositet er det at to av bandmedlemmene fann tonen og kvarandre på Strunkeveko for mange herrens år sidan. Kanskje var det på sommarkurset i Valdres dei fann inspirasjon til å etablere Valkyrien? Vi vel å tru det!
Bandet består av Tuva Syvertsen, Magnus Larsen junior, Erik Sollid og Martin Langlie, som saman lagar og arrangerer låtane. Både på plate og i levande live er dette eit band som sprutar energi og lidenskap i eit gneistrande samspel.
Konferansier og vertinne for konserten er Alice Gudheim.
Medverkande:
Valkyrien