Konsert: Treak


Sliten etter ei intensiv kappleikshelg? Kom og kvil kropp og sjel til nydeleg trestemt song med trioen Treak.

Foto: Treak

Treak er ein ny folkemusikalsk songtrio med Ingeborg Onstad, Ingrid Fossum og Marit Karlberg. I denne konserten får de høyre trestemt og solistisk song, a capella og med følgje av langeleik og lyre. Treak har fordjupa seg i den vokale songtradisjonen etter Marit Daleng, Guri Hegge og Ragnhild Rolandsgard, alle fødde på 1880-talet, i Øystre Slidre. Desse tre kjeldene hadde til saman eit svært stort og mangfaldig repertoar av bånsullar, salmar, viser og slåttar.

Velkomen til ein salig songhalvtime i Rognebygningen.

Medverkande: 
Marit Karlberg
Ingrid Lingaas Fossum
Ingeborg Onstad

KJØP DAGSPASS »

KJØP HELGEPASS »

KJØP VEKEPASS »

Konsertar
Start: Sundag 16. juli kl. 11.30
Slutt: Sundag 16. juli kl. 12.30
Stad: Rognebygningen/Valdres Folkemuseum/Fagernes