Konsert: Syver Rolandsgard Hauge


Ta godt imot ein av dei fremste unge spelemennene i Valdres!

Foto: Christine Stokkebryn

Jørn Hilme-stemnet gir plass og scene til breidda i folkemusikken og folkedansen, både amatørar og dei som har det som levebrød, både kjende og ukjende utøvarar, unge og gamle. Rekrutteringa til sjangeren er viktig. Unge som søkjer ei profesjonell retning, skal få erfaring i å utvikle seg og delta i framsyningar.

Syver Rolandsgard Hauge (f. 2006) er ein ung, djerv og svolten spelemann. Syver kjem frå Vestre Slidre i Valdres, har spelt hardingfele i 11 år og oppnådd gode resultat på mange kappleikar, blant anna Jørn Hilme-stemnet og Landskappleiken. Syver spelar folkemusikk frå Valdres og har særleg fortapt seg i tradisjonen frå Vestre Slidre. Trass i ung alder er Syver ein ettertrakta dansespelemann både på kappleikar og til helgedansen på lokalet i heimbygda.

Det er fyrste gong Syver held konsert åleine. 

Medverkande:
Syver Rolandsgard Hauge

KJØP BILLETT »

KJØP DAGSPASS »

KJØP HELGEPASS »

KJØP VEKEPASS »

Konsertar
Start: Laurdag 15. juli kl. 15.00
Slutt: Laurdag 15. juli kl. 16.00
Stad: Briskeby ungdomshus/Fagernes
Pris: 100 kr