Konsert: Sudan Dudan


Smektande, rytmisk finurleg, mediterande og intenst: Sudan Dudan er av dei mest kritikarroste duoane i Folkemusikk-Noreg.

Foto: Sudan Dudan

Trass i gode kritikkar: Tospannet bak det heile – Marit Karlberg og Anders Erik Røine – finn seg like godt til rette på forsamlingshuset som på dei store scenene.

I 2023 feirar musikarane 20 år med samarbeid. I det høvet utvidar dei Sudan Dudan til ein kvartett: Sudan Dudan – og dei. Med seg har dei Sondre Meisfjord på bass og Kåre Opheim på perkusjon. Saman går dei djupt ned og inn i den sudandudanske verda. Kva finn dei då?

Både Karlberg og Røine har eit solid fotfeste i tradisjonsmusikken via song, langeleik, fele og munnharpe. Dei har eit trufast publikum både innanfor og utanfor folkemusikkmiljøet og er også tydeleg inspirert av andre sjangrar som country, vise, bluegrass og salmar. Sudan Dudan arbeider i desse dagar med det femte albumet sitt.

Konferansier og vertinne for konserten er Alice Gudheim.

Medverkande:
Marit Karlberg
Anders Erik Røine
Sondre Meisfjord
Kåre Opheim

KJØP DAGSPASS »

KJØP HELGEPASS »

KJØP VEKEPASS »

Konsertar
Start: Fredag 14. juli kl. 19.30
Slutt: Fredag 14. juli kl. 20.30
Stad: Festivalteltet/Valdres Folkemuseum/Fagernes