Konsert: Stian Carstensen, Elias Akselsen og Ola Kvernberg


Tre av dei fremste musikarane i landet inviterer deg ut på landevegen, og tilbake til historia.

Foto: Nina Djærff

HORTA er ei musikalsk vandring inn i taterriket. Elias Akselsen ber tatermusikken og -kulturen på skuldrene. Han har ei stor og særeiga stemme, og ei enorm formidlingsevne. Saman med Stian Carstensen og Ola Kvernberg skaper trioen musikk for sjela – og æva. Kvernberg er multiinstrumentalist og ein av dei fremste jazzmusikarane i landet, med eit ras av plateutgjevingar og konsertoppdrag over heile verda. Carstensen er òg noko for seg sjølv: eit instrumentalt inferno innanfor alt frå bulgarske folketonar til moderne jazz.

Mykje skil sigøynarane sin musikk frå vår eigen, men mykje er også likt. Kanskje det meste. HORTA er portrett av ein kultur med sterke lengslar og endelaus melankoli, som òg ber i seg villskapen og det blikstille vatnet.

Og etter konserten blir det dansefest!

Medverkande:
Elias Akselsen
Ola Kvernberg
Stian Carstensen

KJØP BILLETT »

KJØP VEKEPASS »

Konsertar
Start: Onsdag 12. juli kl. 19.00
Slutt: Onsdag 12. juli kl. 21.00
Stad: Trykkeriet/Fagernes
Pris: 300 kr