Konsert: Songsalong og kvedarstafett


Songen høyrer alle til. På fanget til bestemor, i skulen eller berre for deg sjølv. Velkommen til konsert med song og songarar frå Valdres.

Foto: Cathrine Dokken

Vi syng for kvarandre og for oss sjølve, vi syng om kjærleiken og det som set oss i stemning.

Songen har vandra i tusenvis av år, kryssa hav og landegrenser, snirkla seg ned i dalar og fjordarmar. Songar med særeigne historier, skeive tonar og krullingar har overlevd frå generasjon etter generasjon. I Valdres finst det eit hav av tradisjonssongar og -songarar. Mange av songane har gått ut av historia, men mange er framleis i bruk, eller dei blir henta fram att frå arkiva. Songsalong er ein songtime der fleire av dei aktive songarane i Valdres er med – og der du sjølv blir ein del av den lange lekkja som ber songen vidare!

Kari Hagaseth er folkesongar – og vertinne for songsalongen. Ho kjem frå Øystre Slidre, men bur i dag i Vang i Valdres. Kari vaks opp med mykje folkemusikk i bygda og fekk ei oppvakning då ho byrja på vidaregåande, ikkje minst i møte med Anna Fuglesteg, som var ein stor pådrivar for songen i Valdres. Kari har besøkt tradisjonsberarar i heile Valdres, gjort opptak og ført songen deira vidare.

Medverkande:
Kari Hagaseth og songarar frå Valdres

KJØP DAGSPASS »

KJØP HELGEPASS »

KJØP VEKEPASS »

Konsertar
Start: Fredag 14. juli kl. 18.00
Slutt: Fredag 14. juli kl. 19.00
Stad: Peisestogo/Valdres Folkemuseum/Fagernes