Konsert: Sindre Tronrud


Sindre Tronrud frå Fagernes har trass i ung alder teke steget opp og fram på den norske folkemusikkscena. No rundar han av festivalen med ein solokonsert. 

Foto: Isa Holmgren

Tronrud er ein aktiv kappleiksdeltakar og har fått fleire topp-plasseringar på både regionale og nasjonale kappleikar. I 2022 spelte han seg opp i A-klassa på hardingfele, og fekk same året Fureprisen på Landskappleiken og Torleiv Bolstads minnestipend på Jørn Hilme-stemnet. Sindre bur for tida i Oslo, der han studerer ved Noregs musikkhøgskole. Han spelar både hardingfele og vanleg fele, men i dei siste åra har hardingfela stått i fokus. Sindre utforskar mykje nye tradisjonar, men folkemusikken frå Valdres står som ein grunnpilar i spelemannslivet hans.

Medverkande:
Sindre Tronrud

KJØP DAGSPASS »

KJØP HELGEPASS »

KJØP VEKEPASS »

Konsertar
Start: Sundag 16. juli kl. 13.00
Slutt: Sundag 16. juli kl. 14.00
Stad: Festsalen/Valdres Folkemuseum/Fagernes