Konsert: Mari Midtli og Astrid Sulheim


Velkomen til ei musikalsk stund til ære for kvinnene!

Foto: Edvard Molmen

Mari Midtli og Astrid Sulheim er to av dei fremste folkemusikarane i landet innanfor song og spel. I tillegg er dei tradisjonsberarar for den tradisjonelle vokalmusikken og felemusikken i Nord-Gudbrandsdalen. No er dei aktuelle med ei felles soloplate med songar og slåttar knytt til kvinner.

Tradisjonelt var det menn som dreiv med slåttespel. Samstundes ber mange av dei tradisjonelle slåttane kvinnenamn. Men kven var desse kvinnene, og kvifor fekk dei låttar kalla opp etter seg? Songen har i mykje større grad vore utøvd av kvinnene. Mange ber med seg gode minne om songen på eit bestemorfang. I konserten til Midtli og Sulheim blir du betre kjent med kvinnene bak musikken og spelet. Somme er unge, somme er gamle, nokon er «kvæke» og andre att er sørgmodige og triste.

Medverkande:
Mari Midtli
Astrid Sulheim

KJØP DAGSPASS »

KJØP HELGEPASS »

KJØP VEKEPASS »

Konsertar
Start: Fredag 14. juli kl. 21.00
Slutt: Fredag 14. juli kl. 22.00
Stad: Høyne skule/Valdres Folkemuseum/Fagernes