Velkommen til ei musikalsk reise i Nord-Gudbrandsdalen – i to generasjonar.
Foto: Orsolya Haarberg
Folkemusikken ligg djupt forankra i oss: Han er sporet frå fortida og moglegheitene for framtida. Han er summen av kulturuttrykk som lever og verkar, og som pustar i oss. Folkekulturen er aldri statisk eller stiv, men vital og levande.
Ola Grøsland (f. 1947) er ein av nestorane innanfor folkemusikken og folkedansen i Gudbrandsdalen. Det er få som veit meir om leikane og spelemennene enn han. Ola har lang fartstid som deltakar i dans på kappleikar, og han har vore mykje nytta som programleiar og som dommar. Han har hatt mange folkemusikkprogram i radioen og også TV-program og har elles arbeidd mykje med utgjeving av CD-plater med folkemusikk. Saman med dottera Kari (f. 1977) tek han lydarane med på ei musikalsk reise til Nord-Gudbrandsdalen.
Kari er flittig deltakar i fele klasse A på kappleikar og har saman med dei andre damene i felegruppa Tufskrøkjun vunne gruppespel på Landskappleiken heile sju gonger. Dei har òg fått Folkelarmprisen for CD-en Nordavind. Kari spelar også i Lom spelmannslag. Kari har som faren Ola stor slåttekunne og legg vekt på å formidle musikken nær opp til kjeldene.
Det er fyrste gongen dei har konsert saman i Valdres, og her blir det garantert gode historier og særmerkte springleikar.
Medverkande:
Ola Grøsland
Kari Grøsland