Velkomen til konsert med to av dei fremste unge folkemusikarane her til lands!
Foto: Cathrine Dokken
Musikken deira strekker seg frå det stille og stemningsskapande til det kraftige og eksplosive. På konsertmenyen blir du servert springarar og klokkelåttar, ein bånsull og balladane frå hundreåra tilbake.
Sivert Holmen kjem frå Valdres og er ein framifrå spelemann på hardingfele. Sivert spelar vare lydarlåttar der tida nesten stoppar opp, og springarar ein umogeleg kan stå stille til. Dette er kjernen i uttrykket hans. Sivert er òg ein merittert spelemann og har motteke Fureprisen (2016), Øivind Berghs minnepris (2017) og er kåra til årets unge folkemusikar (2015), saman med Bjørn Kåre Odde. Sivert har gjeve ut og medverka på fleire plater: Sumarmorgon kom ut i 2015, saman med Bjørn Kåre Odde. I 2021 gav han ut soloplata Jotunheimen. I år bidreg han på plateutgjevinga til Spelemannslaget til fremjing av møsagrodde låttar.
Folkemusikaren Malin Alander har i fleire år jobba med folkesong på ulike måtar og på ulike felt. Ho har utdanning frå Noregs musikkhøgskole, og ho jobbar som utøvar og pedagog, mellom anna som distriktsmusikar i Gloppen. Malin syng i trioen Aurom, og ho har jobba med ulike prosjektensemble, til dømes Olavssong og Andsyning. I 2022 gav ho ut soloalbumet Indre Bølgjer, og sist vinter kom Draumkvedet, saman med Ole Nilssen. Malin vann A-klassa i vokal då ho debuterte på Landskappleiken på Rjukan sist sommar.
Medverkande:
Sivert Holmen, hardingfele
Malin Alander, song