Karl Seglem band


Ein musikalsk nasjonalskatt. Mykje er sagt om musikaren og komponisten Karl Seglem.

Foto: Andreas Eikeseth Nygjerd

I fleire tiår har han vore ein markant og nyskapande musikar og komponist i skjeringspunktet mellom folkemusikk og jazz. Han har ein mangfaldig produksjon bak seg, mellom anna 40 album og 3 diktsamlingar, og han har konsertar heime og ute.

I arbeidet med å utvikle eit eige uttrykk har han utforska hardingfelemusikken særleg. Han har utvida hardingfelerekka i bandet sitt og stiller med ei ganske eineståande instrumentbesetning: Hardingfeler, elektriske instrument, trommer, bukkehorn/tenorsaksofon i ein miks av improvisasjon og folkemusikalske trådar har skapt eit unikt og eigenarta uttrykk.

Før konserten er det utdeling av Torleiv Bolstads Minnestipend.

Billett til konsert med Karl Seglem band gjev tilgang berre til konserten. Ynskjer du å få med deg resten av sommarkvelden på Valdres Folkemuseum, kan det løne seg å kjøpe kveldspass. Det gjer du her!

Medverkande:
Karl Seglem, tsax, bukkehorn, stemme
Anders Bitustøyl, bass
Andreas Stensland Løwe, tangentar
Erlend Viken, hardingfele, vokal
Håkon Høgemo, hardingfele
Kåre Opheim, trommer
Sigrid Moldestad, hardingfele, vokal

KJØP BILLETT »

Konsertar
Start: Fredag 15. juli kl. 18.00
Slutt: Fredag 15. juli kl. 19.00
Stad: Amfiet, Valdres Folkemuseum, Fagernes
Pris: 350 kr